Fotokort

POSTKORT FRÅ VALDRES


Fotografering inngår som ein liten, men også ein naturleg del av arbeidet mitt som grafisk designar. Eg har alltid vært glad i å fotografere og idéen om å nytte nokon av fotografiane til oppsett av kort kom samstundes som eg etablerte føretaket mitt.    


Design Saskia gir ut ulike kort: postkort, julekort og helsingskort (doble kort) - alle med fotomotiv frå Valdres. 
Postkorta kan du kjøpe på: Joker Heggenes, Øystre Slidre. Her kan du også kjøpe doble kort med motiv av alle kyrkjene i Øystre Slidre. 
- Fagernes Landhandel og Norli Fagernes sel også eit utval av postkorta.


Alle kort kan kjøpast direkte frå meg. Stort sett alle motiv er på lager. Ta kontakt på e-post så ordnar eg sending. Korta er fine å bruke til alle typar helsingar; bursdag, bryllup, konfirmasjon osv. 


POSTKORT    -   klikk for store bilder

Postkort blir utgitt i storleik 99x210, trykt på 300 g/m² kromokartong. Kr.  Kr. 15,- pr. stk. ved kjøp frå meg. Porto kjem i tillegg.

JULEKORT - klikk for store bilder

Julekort blir utgitt i storleik A6, trykt på 300 g/m² kromokartong. Korta er doble og blir levert med kvit konvolutt. Kr. 20,- pr. stk. ved kjøp frå meg. Porto kjem i tillegg.